Fjellet som ytre og indre landskap

Høge fjell og djupe dalar

29. august til 1. september 2019

Mette Vårdal, Vegar Vårdal, Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit

Kultivator er drive av Mette og Vegar Vårdal. Denne gongen har dei med seg Camilla Granlien og Halvor Kjerkreit.

Mette Vårdal er historikar og har spesialisert seg på kulturelle brytningar i Noreg på 1700- og 1800-talet. Ho er fagansvarlig i Kultivator, ho leiter i arkiv, skriv og finn på nye prosjekt.

Vegar Vårdal er musikar og dansar. Han er utdanna ved Norges Musikkhøgskole med fele og hardingfele som hovedinstrument, han har markert seg som ein allsidig utøvar. Vegar er den kunstnerisk ansvarlege i Kultivator, han komponerer, koreograferer, spelar og instruerer.

Camilla Granlien er folkesongar og artist, ho har ei brei utdanning innanfor folkemusikk. Ho arbeider som frilansmusikar og har vore med i ei rekke ulike musikalske prosjekt, både framsyningar og CD-utgjevingar.

Halvor Kjerkreit er profesjonell bratsjist og songar med utdanning frå Musikkonservatoriet i Trondheim, Norges Musikkhøgskole i Oslo og Kunsthøgskolen i Oslo (operautdanninga). Han har bakgrunn frå folkemusikkmiljøet.