Magnhild Bruheim

Magnhild Bruheim er fødd og oppvaksen i Skjåk. Ho bur nå på Lillehammer og arbeider som frilans journalist og forfattar. Magnhild har skrive i alt 16 bøker, seks av dei er krimbøker, seks er spenningsbøker for ungdom. I tillegg har ho gjeve ut ein historisk roman, «Trolldomskraft» og ein oppvekstroman, «Det som ein gong var». Magnhild er vår trufaste og dyktige bademeister under Diktardagar, og på årsmøtet i vår, vart ho vald inn i styret.