Guri Sørumgård Botheim. Foto: Benedikte Skarvik

Guri Sørumgård Botheim

Guri kjem frå Lesja. Ho flytta til Dombås i 2021 etter fleire år i Trondheim. Guri debuterte som forfattar i 2009, saman med systera Sigrid, med romanen Ramstein pensionat. Ho har gjeve ut diktsamling og mellom anna vore avisskribent saman med systera i Dag og Tid. No i 2023 kom romanen Høgfjellsmeldinga der Guri skriv om fjellet: Om kven som har rett til å bruke det og korleis.

Guri har gått på Forfattarstudiet i Bø og har eit hovudfag i allmenn litteraturvitenskap frå NTNU. Ho jobbar som rådgjevar i Norsk Forfattersentrum.

Under Diktardagar 2023 deltek Guri på litteraturseminaret i Utgard.

Foto: Benedikte Skarvik