Som å kome heim – om å skape ein song

Kvar høyrer du til? Kva for historiar og landskap forma deg i barndomen og ligg i hjartet ditt gjennom resten av livet? Og kvifor er dette viktig?

Lars Bakke og co. Foto: Vigdis Kroken / Fjuken
Reidar Svare, Lars Bakke, Ole Foss, Rune Kjørren og Endre Skjåk. Foto: Vigdis Kroken / Fjuken

Lars Bakke er frontfigur og låtskrivar i folkrock-bandet LoMsk. Han har heilt frå tidleg på 80-talet laga musikk til både LoMsk, Diktarplager og ei rekkje andre prosjekt. Store delar av låtmaterialet hans er inspirert av hendingar, personar, lyrikk, segner og historier frå heimemiljøet. I konsertforestillinga Som å kome heim – Om å skape ein song får de høyre meir om bakgrunnen til mange av desse songane. Musikken er nyarrangert og tilpassa ein lyrisk kvartett for å framheve tekstane. Mange av songane har vore gjengangarar på radio. Som å kome heim er mellom anna ein av dei mest spelte låtane på NRK P1 gjennom tidene.

Konsertforestillinga i Utgard laurdag 31.08. blir eit humoristisk og stemningsfullt møte med Lars Bakke og musikken. Med seg på scena har han Ole Foss, Rune Kjørren, Reidar Svare og Endre Skjåk.