Seminar for ungdom om mobbing, utanforskap og rasisme

Seminar for ungdom har blitt ein fast tradisjon under Diktardagar. Elevar frå ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i distriktet blir inviterte til å delta.

I år er tema for seminaret utanforskap, mobbing og rasisme. Journalist Pål Hovengen Plassen skal halde foredraget «Kva mobbing og utanforskap gjorde med meg». Pål er journalist og programleiar frå Vågå. Han har jobba for NRK heile sitt vaksne liv, nå som programleiar for radioprogrammet Kompass i NRK P2. Pål har tidlegare leia Norgesglasset, og er ein av dei mest kjende profilane i NRK radio. Han har også vore synleg på fjernsyn som programleiar på til dømes 17. mai og Sommeråpent. Pål Plassen har tidlegare vore open om korleis han vart mobba i oppveksten og korleis det har påverka han. Han vaks opp i Vågå og gjekk på vidaregåande skule i Lom.

Forfattar og leiar av Den norske Forfatterforening, Brynjulf Jung Tjønn, deltek på bokbadet med boka Kvit, norsk mann. Brynjulf er ein kritikarrost og allsidig forfattar som skriv for både barn, ungdom og vaksne. Han vaks opp i Feios i Sogn og Fjordane, men har budd mesteparten av sitt vaksne liv i Oslo. I 2023 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann, ei bok som trefte både kritikarar og eit breitt publikum. Kvit, norsk mann er ei samling vonde og kloke, men tidvis også morosame dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Boka byggjer på forfattaren sine eigne erfaringar som adoptivbarn og odelsgut. Kvit, norsk mann er ei bok som kan og bør lesast av alle, og eignar seg særleg godt for ungdom. Mari Flatum Bakke og Eivind Maurstad-Husom leiar bokbadet. Dei er elevar ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule avd. Lom.