Opning av Diktardagar 2024
Opninga av Diktardagar 2024 blir markert med ein stemningsfull kulturkveld i Marlo Grendehus fredag. Det blir variert musikk med innslag frå Lom og Skjåk kulturskule, og artistane Klaus Vatne og Frikk Gjeilo. Klaus Vatne har sett melodi til nobelprisvinnaren Jon Fosse sine «Songar» (Samlaget 2009), medan Frikk Gjeilo har omdikta dikt av Knut Hamsun til lomsmål. Vidare les Brynjulf Jung Tjønn dikt frå diktsamlinga Kvit, norsk mann, som vart tildelt Ungdommens kritikerpris 2023. Dette er ei samling såre og kloke dikt om norsk oppvekst og norsk rasisme. Dikta er inspirerte av forfattaren sine eigne erfaringar som adoptivbarn frå eit asiatisk land.
Eitt av høgdepunkta denne kvelden, er utdelinga av Diktardagarprisen. I statuttane heiter det mellom anna at kandidaten for denne prisen må ha tydeleg tilknyting til regionen vår, og at prisen kan gå til forfattarar innan poesi og prosa. Eit anna kriterium er profilering av nynorsk eller dialektar i det offentlege rom.
Det heile blir høgtideleg opna av ordførar i Skjåk, Edel Kveen. Velkomne til ein triveleg kveld!
Program
- Opning ved ordførar i Skjåk, Edel Kveen
- Song ved elevar frå Lom og Skjåk musikk- og kulturskule
- Klaus Vatne syng viser av nobelprisvinnaren Jon Fosse
- Opplesing ved Brynjulf Jung Tjønn
- Utdeling av Diktardagarprisen
- Frikk Gjeilo framfører omdikta dikt av Knut Hamsun saman med musikarane Bjørn Kåre Odde, Steinar Odde, Mari Midtli og Eilev Hellekveen