I fotspora til Jan-Magnus Bruheim

Guiding, toradarmusikk, foredrag, musikk, dikt, dugurd
Søndag 7. september arrangerer Diktardagar busstur med guiding i fleire grender og med programinnslag på aktuelle stader. Det blir ikkje med OKB-buss som først planlagt.
Første stopp er Øygardskulen, der Bruheim var lærar i fleire år. Håvard Grjotheim skal halde foredraget «Læraren, poeten, humanisten». På programmet står elles toradarmusikk ved Vemund Vang og amerikabrev andre vegen, altså frå dei som var att heime. Her blir det servert lademjølk, kaffi og kake.
Turen går vidare til den nye diktarstigen på flomvollen i Bismo, der det har kome opp benkar med barnedikt av Bruheim. Skuleelevar vil lesa frå dikta ved Dagsturhytta.
Siste stopp blir Lundagrende der forfattaren vaks opp og levde mesteparten av livet sitt. Det blir program i Maritun, mellom anna vil Mari Eide Lindsheim og Svein Brennhaug syngje tonesette dikt. Her blir det servert dugurd.
Diktarheimane Brubu og Vyuli vil vera opne for dei som er interessert i å sjå inn.
Billett 800 kroner. Berre i Øygardskulen 250 kroner
Påmelding innan 31. august.
Frammøte på p-plassen ved Lomskyrkja kl 09.00 eller ved Ånstad (gamle Skjåk samvirkelag) kl 09.20.