Litteraturseminar: Heim – å høyre til

Kva betyr det å høyre til? Kvar kjenner vi oss heime? Eller korleis kjennest det å føle seg som ein «tilværelsens utlending», ein karakteristikk Knut Hamsun brukar på Nagel i Mysterier. Desse problemstillingane er aktuelle som aldri før. Krig og konflikt pregar verdsbiletet. Folk rundt om i verda blir heimlause, mange legg ut på flukt og søkjer ein ny heim. Overalt leitar ungdom og vaksne etter ein stad eller eit miljø der dei føler tilhøyrsle og kjenner seg heime. På litteraturseminaret vil innleiarane på ymse vis sette fokus på omgrepet heim og på det å høyre til.

Bilde av Siri Helle. Foto: David Zadig
Siri Helle. Foto: David Zadig

Siri Helle er agronom og forfattar. Ho hadde oppveksten sin i Holmedal i Sunnfjord. I sitt vaksne liv hadde ho flytta meir enn tretti gonger. Ein dag tok ho det store steget og flytta attende til heimbygda. Ho gav seg sjølv eit år for å sjå om ho passa til dette livet med den same utsikta kvar dag. I 2022 gav ho ut boka Trollefossvegen 23: tilbake til heimbygda. Dette vil ho ta for seg i foredraget Attende til heimbygda – frå ei sjel og ei skjorte til hus og heim.

Portrett av Kjartan Hatløy. Foto: Kjartan Hatløy
Kjartan Hatløy. Foto: Kjartan Hatløy

Forfattar og lyrikar Kjartan Hatløy vart fødd på småbruket Haugane i grenda Salbu i Hyllestad kommune. Der har han budd det meste av livet, og det er i dette miljøet han har henta inspirasjonen til det meste han har skrive om i sitt forfattarskap. På seminaret held han foredraget Strid i antropocen. Heim og dikting ved Lifjellet.

Bilete av Ragnhild Kolden. Foto: Morten Skjennem
Ragnhild Kolden. Foto: Morten Skjennem

Ragnhild Kolden frå Bøverdalen i Lom har gjeve ut fleire romanar med bakgrunn frå andre verdskrig. Ho har òg skrive bygdekrim frå Lom i lag med makker Vigdis Kroken. Heimkjensle og tilknytinga til heimplassen står sterkt både i livet og i forfattarskapet til Ragnhild. På seminaret vil ho snakke om essayet Heim som ho skreiv til Stiftinga G-Kultur i 2020.

Foto: Agnete Brun

Elles blir det boklansering på seminaret. Professor emeritus i nordisk litteratur ved Høgskolen i Innlandet, Ole Karlsen, lanserer diktantologien Steinmål og strengesong. Ei bok om Ragnvald Skredes dikting saman med Kristian Lødemel Sandberg og Ingrid Skjerdal. Det blir litterær samtale om Edvard Munch og Knut Hamsun med forfattar Ivo de Figueiredo og professor ved UiT, Henning Howlid Wærp, leia av Ragnhild Hovengen. Sist, men ikkje minst, blir det markering av at Nobelprisen i litteratur 2023 gjekk til Jon Fosse, Noreg og nynorsken. Musikar Klaus Vatne opnar seminaret med viser av nobelprisvinnar Fosse.