Flukt og fridom. Guro Kulset Merakerås

Guro Kulset Merakerås frå Trondheim er ein kritikarrost og prisvinnande sakprosaforfattar og journalist som vi er svært glade for å ha med oss på årets Diktardagar. Guro er heidra av Norsk Journalistlag for arbeidet sitt med å belyse forholda på Europas yttergrenser og har skrive to kritikarroste sakprosabøker om menneske på flukt. Som forfattar debuterte ho internasjonalt i 2024, med boka Moria. På innsiden av Europas største flyktningleir, som ho og medforfattar Katrin Glatz Brubakk vann NTNUs litteraturpris for same år. I fjor kom boka Jeg er Mariam. En fortelling om frihet som ho skreiv saman med afghanske Mariam Rasouli.
Frå utvandrar til innvandrar
Eit lands utvandrar er eit anna lands innvandrar. Likevel vekkjer ordparet innvandrar/utvandrar heilt ulike assosiasjonar i oss. Utvandraren blir ofte sett på som eventyrlysten og initivativrik. Tenkjer vi det same om innvandraren? I Moria-boka utforskar forfattarane haldningane våre til menneske som kryssar grenser i jakt på eit betre liv. Den prisløna boka gjev lesarane eit unikt innblikk i dei menneskelege sidene ved dagens innvandring, migrasjon og flukt til Europa. Var det innvandrarar eller utvandrarar Guro møtte på Europas yttergrenser? På Diktardagar held ho foredraget Fra utvandrer til innvandrer på Lom folkebibliotek laurdag.
Jeg er Mariam
Korleis er det å koma som flyktning til Noreg? Korleis ser ei innvandrarkvinne seg sjølv i møte med det norske? Boka Jeg er Mariam. En fortelling om frihet fortel om afghanske Mariam Rasoulis veg til friheit og viser oss eit liv i, men samtidig på sida av, det norske samfunnet. Mariam kom til Noreg som flyktning for over tjue år sidan. I møte med Guro fortel ho ope om kvinneliv i eit lukka miljø. Jeg er Mariam gjev stemme til ei gruppe i samfunnet vårt som sjeldan grip ordet – minoritetskvinner utan utdanning og skriftspråk. Guro og Mariam deltek båe på litteraturseminaret laurdag med foredraget Historia om Mariam.
Guro deltek òg på bokbad laurdag kveld saman med forfattarane Therese Tungen og Ellen Vahr.