Seminar for ungdom

Seminar for ungdom med (3) (002)
Dato: 01.09.2023
Tid: 10:00 - 12:00

Seminar for ungdom med journalist og forfattar Åsne Seierstad og forfattar Anders Totland.

Åsne skal delta på bokbad med to elevar frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Dei skal samtale om boka En av oss. En fortelling om Norge. Dette er ei sakprosabok der tema er 22. juli og Anders Behring Breivik.

Anders Totland skriv skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne, ungdom og barn. På seminaret skal han ha ei formidlingsøkt knytt til den bestseljande romanen Til jord skal du bli.

Dette seminaret er for elevar på ungdomsskulane og dei vidaregåande skulane i distriktet. 

Laster kart ....