Ellen Vahr – om utvandringa til Amerika

Ellen Vahr. Foto: Pernille Marie Walvik

Sterke kvinneskjebner og gløymde historier

Forfattaren Ellen Vahr er kjend for å løfte fram sterke kvinneskjebner og gløymde historier frå verkelegheita – inspirert av si eiga slekt. Ho debuterte i 2011 med sjølvhjelpsboka Drømmekraft, og kom i 2013 med boka Våg Livet. Ho har sidan markert seg som skjønnlitterær forfattar med romanen Gaven (2016), som vart nominert til Bokhandlerprisen, og Idle Hour-triologien.

Med bakgrunn frå finansverda og coaching, skriv Vahr med stor innsikt i kva som driv menneske – både i motgang og i kampen for fridom, kjærleik og sjølvstende. Bøkene hennar er prega av levande forteljarkunst, historisk forankring og ei sterk tru på den indre krafta i mennesket.

Ellen Vahr bur i Asker og arbeider som forfattar for Aschehoug forlag på fulltid. Ho held òg føredrag og kurs om kreativitet, intuisjon og det å følgje eigne draumar.

Idle Hour-trilogien

I samband med utvandrarjubileet i år, er det ei glede å ynskje Ellen Vahr velkomen til Diktardagar. Ho vil dele innsikt frå arbeidet med Idle Hour-trilogien, og snakke om korleis ho har arbeidd med kjelder, slektshistorie og forteljarkunst for å løfte fram dei tause stemmene frå historia – særleg dei kvinnelege.

Fyrst deltek ho på litteraturseminaret, så på Skjåk folkebibliotek og sidan på bokbadet – tre arrangement på laurdag.