Diktardagar 2026

Soria Moria slott av Theodor Kittelsen

Diktardagar blir arrangert kvart år første helga i september. Vi har kvart år nye og aktuelle tema. Det er fire diktarlag i Lom og Skjåk og to mållag i Lom, Skjåk og Vågå som er med i organisasjonen. I 2026 blir festivalen arrangert 2.-6. september.

Temaet for 2026 er Draumar. Vi lever i ei tid som på mange måtar minner oss på krig og kriser, og ein del misser trua på at livet og verda går framover. Da er det viktig å halde liv i draumane, håpet og trua på at det er opp til oss å skapa framtida. Under Diktardagar spør vi kva framtidsdraumar dei unge har. Forfattarar og andre aktørar vil fortelja om sine draumar og vegval.

Festivalen har i år som tidlegare eit litteraturseminar knytt til hovudtemaet, med foredrag og samtaler. Det blir mellom anna foredrag om håpets filosofi, om draumar som kraftkjelde i litteraturen og livet, om visjonslitteraturen og samtale med yngre lokale kvinner som har følgt draumen.

Årleg arrangerer vi eige seminar for ungdom, der vi inviterer ungdomsskulane og den vidaregåande skulane i Nord-dalen. Dette arrangementet har dei siste åra også vore strømma, så dei som ikkje kan vera til stades, kan følgje med. Eit aktuelt tema også her er draumar, håp og meistring. Her blir det samtale med ein elev som har gått gjennom kreftsjukdom. I tillegg skal elevar bokbade ein aktuell forfattar.

Dei siste åra har alle 6. klassingane fått besøk av forfattar, og det har vore vellykka. Derfor legg vi opp til det same i år. Og sidan det for tida er mykje fokus på leseevne og leseglede hos barn og ungdom, utvidar vi nå tilbodet, slik at også 8. klassingane i dei tre kommunane får forfattarbesøk. Vi legg elles vekt på å ha med barn og unge i programmet, og arbeider for å få til ein skrivekonkurranse.

Det er Solrenning som har hovudansvaret for programmet i år, og Olav Aukrust vil få ein tydeleg plass. Mellom anna har vi tinga framsyninga «Himmelvarden», basert på diktverket til Aukrust, med lokale profesjonelle musikarar og formidlarar. Til opninga av festivalen har vi tinga ei framsyning frå Jotunheimen Underholdning, «Diktardraumar», jf temaet.

Vi får mange av dei faste postane elles, som bokbad, Tor Jonsson-foredrag, program på sjukeheimane.

Søndag kan publikum vera med på det vi kallar Steinkastvandring i Lia i Lom. Dette er eit alternativ til dei tidlegare utfluktene med buss. Berre steinkast frå kvarandre bur utøvande kunstnarar, og det er kunstarheimar og eit planlagt galleri med måleri av Gustav Wentzel.

I 2026 utvidar vi festivalen med ein dag, vi utvidar skuletilbodet og har eit par nye arrangement, konsert i ein dom på Soleggen og midnattsmesse med konsert i stavkyrkja i Lom. På den måten utviklar vi festivalen vidare.

Under «Program og billettar» og «Aktørane» på menyen kan du finne meir om programpostane og om forfattarane, musikarar og andre aktørar som deltar på festivalen.