Diktardagar 2025


Ellen Vahr kjem til Diktardagar 2025. Foto: Pernille Marie Walvik
Vandring og forandring
Diktardagar 2025 vil markere 200-årsjubileet for den første organiserte utvandringa frå Noreg til Amerika, med hovudvekt på dei som utvandra frå bygdene våre. Samtidig rettar vi merksemda mot dei som har utvandra frå andre land for å finne tryggleik og ein ny heim i landet vårt. Vi nyttar fleire måtar med å trekkje innvandrarar og flyktningar med i programmet.
Seminaret har fleire spennande programpostar
Temaet vil gå att på fleire programpostar, men først og fremst på litteraturseminaret laurdag den 6. september. Der vil Terje Joranger frå Anno museum snakke om utvandringa til Amerika. Atle Brandsar skal ha foredrag om den lokale utvandringa, Hans P. Hosar vil fortelja om samfunnsforholda i bygdene lokalt den tida folk reiste ut.
Ellen Vahr har skrive ein romantrilogi om norske Thea som reiste til Amerika, bøker som er inspirert av bestemora til Vahr. På seminaret vil ho fortelja om det prosjektet.
Andre delen av seminaret handlar om dei som er innvandrarar i Noreg og regionen vår. I boka «Å krysse grenser» fortel 37 flyktningar busette i Lillehammer og nabokommunar historia si. Brynjulf Handgaard er med på seminaret for å for å fortelja om prosjektet. Mariam Rasouli er flyktning frå Afghanistan. Saman med Guro K. Merakerås har ho skrive boka «Jeg er Mariam».
Vi inviterer også flyktningar/innvandrarar som har busett seg i Ottadalsbygdene.
For ungdom
Mariam Rasouli er også med på seminaret for ungdom fredag formiddag. Der blir ho bokbada av elevar frå vidaregåande. Andre del av seminaret handlar om utvandringa. Terje Joranger fortel historia om utvandrarane, med vekt på Jørgine Boomer, som reiste frå ein husmannsplass i Bøverdalen og vart hotellvertinne på Waldorf Astoria. Her blir det mellom anna vist ein film om Jørgine.
Opninga av Diktardagar 2025 er i Vågå
Opninga skjer fredag kveld, i år i Vågå. Ordførar Harald Sve Bjørndal vil opne, elles blir det musikkinnslag med Clyde Sebastian Bonifacio og Lina Haug. Forfattaren Therese Tungen skal lesa frå boka som kjem til hausten, det blir utdeling av Diktardagarprisen og til slutt minikonsert med Ranglarkampen Kamferkor.
6. klassingane, biblioteka og helseheimane
Som vanleg blir det forfattarbesøk for elevar på 6. klassesteg, og forfattaropplesing/foredrag på biblioteka. Elles program på helseheimane, Diktardagarmiddag på Fossheim, Tor Jonsson-foredrag ved TJ-stugu (Jimmy Ginsby: Tor Jonsson på svenska).
Ny premiere med forestillinga «Diktarplager»
Laurdagskvelden får vi gjensyn med forstillinga «Diktarplager». Jotunheimen Underholdning hadde i 2007 premiere på forestillinga Diktarplager – ein kabaret, som bygde på tekster av fleire Ottadalsforfattarar. Til Diktardagar 2025 skal gruppa vidareutvikle forestillinga.
Bokbad
Seinare på kvelden blir det bokbad på Fossberg med tre aktuelle forfattarar: Therese Tungen, Ellen Vahr og Guro K. Merakerås.
Guida tur gjennom grender i Skjåk
I 2025 er det Vennelaget Jan-Magnus Bruheim som er ansvarlege for programmet. Bruheim får derfor plass på programmet søndag 7. september. Det blir guida tur gjennom grender i Skjåk, program med enkel servering i Øygardskulen. Her skal Håvard Grjotheim kåsere om «Læraren, poeten og humanisten», elles blir det opplesing av brev til og frå Amerika.
Turen går vidare innom den nye diktarstigen på flomvollen i Bismo og til Lundagrendi med program og mat der.
Utstilling av Amerikafoto
I Utgard blir det utstilling av Amerikafoto, ei slik utstilling blir først vist på biblioteket i Skjåk under Solfesten i mars.
Diktardagar 2025 vil gå føre seg 4. til 7. september.
Programmet blir oppdatert utover våren.