Foto: Helge Skodvin

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen (f. 1977) er frå Førde og er busett i Bergen. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og fekk sitt store gjennombrot med Få meg på, for faen i 2005. Sidan den gong har ho skrive bøker i mange sjangrar og markert seg som ei uvanleg og viktig stemme i norsk litteratur. I 2017 kom romanen Tung tids tale, ei sterk historie om å vera foreldre til eit autistisk barn. Ho vart tildelt Brageprisen for boka som har fått stor merksemd. Olaug Nilssen er ein viktig talsperson for menneske med funksjonsnedsetjingar og pårørande i Noreg. I 2021 fekk ho Fritt Ord-prisen i lag med Bjørn Hatterud og Jan Grue for å ha belyst samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma. Ho er også medlem i Likeverds- og mangfoldsutvalget. Under Diktardagar besøkjer ho Skjåk folkebibliotek, deltek på festkveld og bokbad i Lom laurdag.