Foto: Norsk viseforum

Jarnfrid Kjøk

Jarnfrid Kjøk (f. 1947) kjem frå Lom og bur nå i Oslo. Ho har bl.a. gjeve ut boka Ei spelmannssoge (1995) om folkemusikk og spelmenn frå distriktet saman med faren, Erling Kjøk. Saman med Sigrid Bø har ho gjeve ut bøkene Lekamslyst I. Om erotikk i norsk folkediktning (2008) og Lekamslyst II. Erotisk folkedikting i Noreg (2015). Under Diktardagar deltek ho saman med Sigrid Bø på litteraturseminaret med foredraget Erotiske motiv og biletbruk i eventyr, viser og stev frå Gudbrandsdalen og Setesdal.