Foto: Aschehoug forlag

Helga Flatland

Helga Flatland (1984) voks opp i Flatdal i Telemark. Ho debuterte i 2010 med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du må. For debutromanen mottok ho Tarjei Vesaas’ debutantpris og Ungdommens kritikerpris. I 2011 kom  oppfølgjaren Alle vil hjem. Ingen vil tilbake, og ho avslutta trilogien med Det finnes ingen helhet i 2013. Bøkene krinsar kring fire barndomskompisar som reiser til Afghanistan for å delta i dei norske styrkane der, og korleis dødsfalla set sitt preg på ei lita bygd når berre ein av gutane kjem att.

På Diktardagar 2021 deltek Helga Flatland på miniseminaret for ungdom. Der skal to elevar frå den vidaregåande skulen samtale med forfattaren om debutboka Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Laurdag føremiddag besøkjer ho Lom folkebibliotek og laurdag kveld deltek ho på bokbad på Fossberg hotell saman med Olaug Nilssen, Are Sende Osen og Magnhild Bruheim.