Vegar Vårdal. Privat foto
Vegar Vårdal
Vegar Vårdal (fødd 1975) er busett i Vågå, og arbeider som frilans folkemusikar og folkedansar. Han er ein av dei mest aktive utøvarane på vanleg fele her i landet, og er fast medlem i RUSK og Fant og Fente. Vegar er tilsett som instrumentallærar ved musikkinstitusjonar som Det Fynske Musikkonservatorium, Norges musikkhøgskole, Ole Bull Akademiet og Landslina i folkemusikk ved Vinstra vidaregåande skule. Under Diktardagar 2026 skal han saman med tre andre aktørar framføre Himmelvarden i Utgard laurdag 5. september.