Torgrim Eggen
Torgrim Eggen (fødd 1958) er journalist, forfattar og musikar. Han romandebuterte med Gjeld i 1992, og har etter det skrive titals bøker, romanar, sakprosa og kulturhistorie. I 2019 kom biografien om Axel Jensen, som gav han både Brageprisen og Språkprisen. Hausten 2025 gav han ut Blodet, ein roman om heltar og landssvikarar, draum om ære og det som kjem etter nederlaget. Brørne Oddmund og Sigurd voks opp i Ringebu på 30-talet, og hadde sterk tilknyting til Dovre. Under 2. verdskrigen gjekk dei inn på tysk side og vart soldatar i Waffen SS som 17-åringar. Det er Eggens eigne onklar på morsida som er modellar for dei to brørne.
Under Diktardagar skal Torgrim besøkje bibliotek og delta på bokbadet laurdag kveld.