
Therese Tungen. Foto: Tine Poppe.
Therese Tungen
Therese Tungen er forfattar frå Kvam, busett i Oslo. Ho debuterte i 2017 med novellesamlinga Ein gong var dei ulvar. I 2019 kom andre novellesamlinga, Kjærleik og det som liknar. Boka Snu deg: Edvins bok frå 2022 er ei dokumentarisk utforsking av sorgprosessen rundt tapet av sonen Edvin på seks år. Therese vart tildelt Aschehougs debutantstipend i 2017 og Bjørnsonstipendet i 2018. Forfattaren har også jobba som forlagsredaktør og som litteraturmeldar. Til hausten kjem ho med ein roman, den vil ho snakke om på Diktardagar. Tungen besøkjer Vågå bibliotek laurdag og deltek på bokbadet om kvelden same dag.