Portrett av Sunniva Relling Berg.
Sunniva Relling Berg. Foto: Tove K. Breistein, Samlaget.

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg (fødd 1988) frå Ålesund debuterte med ungdomsromanen Utfor i 2011. Boka vart nominert til Brageprisen i klassa for barne- og ungdomslitteratur. Sunniva har seinare gjeve ut tre ungdomsromanar, ei barnebok og ein roman for vaksne. Ungdomsromanen Soldagen, som kom ut i 2024, handlar om Maja, som stort sett er i trøbbel, og Ilias, som har rømt frå asylmottaket. Dei to møtest og blir vikla inn i eit drama. I 2026 kjem tredje boka i serien om Maja og Ilias.

I februar vart forfattaren tildelt språkprisen Målblomen 2026 av Borgund Mållag. Prisen går til personar som har gjort ein framifrå innsats for nynorsk.

Sunniva Relling Berg skal vitja 6. klassingane i Lom, Skjåk og Vågå under Diktardagar.