Bilde av Ranglarkampen kamferkor. Foto: Ola Slette (KI-redigert)
Ranglarkampen kamferkor. Foto: Ola Slette (KI-redigert)

Ranglarkampen Kamferkor

Ranglarkampen Kamferkor er eit blandakor med base i Heidal, men med koristar også frå Vågå, Fron og andre stader i Sel kommune. Dirigent er Pål Svindland. Koret vart stifta i 2011 og består i dag av 33 medlemmer fra 13 til 73 år. Dei har eit variert repertoar av blant anna folkemusikk, lokalprodusert musikk, viser, salmar og pop. I snart to år har koret jobba med tekstene og songane til Bob Dylan, og arrangerer ein eigen Dylankonsert på Gammel-Kleppe søndag 7. september. Under opninga av Diktardagar 5. september står dei på programmet med minikonsert.