Olav Norheim. Foto: Mari O. Thingelstad
Olav Norheim
Olav Norheim (fødd 1951) er journalist, forfattar og teikneserieskapar, med ei rekkje bøker bak seg. Olav er oppvaksen i Vestre Slidre og er busett i Norderhov. I åtte år var han redaktør for Norsk Barneblad. Bøkene har fått fleire prisar, mellom anna fekk han Folkelarmprisen 2024 i klassa dokumentasjon for boka Beste harpespillerske, verdensberømt om langeleikmusikaren Berit Pynten. I 2026 skriv han bok om Nyjordsvetlen, ein kjend figur frå Aukrustdiktet Aksion på Tande. Under Diktardagar fortel han om boka og personen på eit arrangement på Aukrust onsdag kveld.