Portrett av Kjartan Hatløy. Foto: Kjartan Hatløy
Kjartan Hatløy. Foto: Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy

Kjartan Hatløy vart fødd på småbruket Haugane i grenda Salbu i Hyllestad kommune. Der har han budd det meste av livet, og det er i dette miljøet han har henta inspirasjonen til det meste han har skrive om i sitt forfattarskap.
Han debuterte som forfattar med diktsamlinga Solreven i 1996. Han har gjeve ut 14 diktsamlingar. Nå er han godt i gang med den 15.
I 2015 vart han innstilt til Brageprisen for diktsamlinga Kjøkkendikt. I 2016 fekk han lyrikkprisen Diktartavla. I 2021 fekk han Doublougprisen. I si grunngjeving for å tildele han denne prisen skriv Svenska Akademien bl.a. følgjande. «…….han er ein av dei største naturlyrikarane vi har i Norge i dag».
Kjartan er onkel til forfattaren Karl Ove Knausgård.
På Diktardagar deltek Hatløy på litteraturseminaret.