Foto: Stig Brøndbo/UIT
Foto: Stig Brøndbo/UIT

Henning Howlid Wærp

Henning Howlid Wærp vart dr.art. ved Universitetet i Oslo i 1996 og er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø. Wærp er kritikar og forfattar og har mellom anna forska på Knut Hamsun. I 2018 gav han ut boka «Hele livet en vandrer i naturen» – ein økokritisk innfallsvinkel til Knut Hamsun sitt forfattarskap. Her tek han for seg 16 av verka til Hamsun i eit nytt og tidsaktuelt perspektiv frå debutboka «Sult» og til Hamsun sette punktum med boka «På gjengrodde stier».

Henning skal delta på litteraturseminaret i samtalen «Knut Hamsun og Edvard Munch – var sinnets meistrar i kunsten.» Med penn og pensel sette dei sitt preg på kunstforma til den tidlege modernismen i Norge. Dei var jamne i alder og hadde begge referanse til Vågå og Lom.

I samtale med historikar og biograf Ivo de Figueiredo, spør programleiar Ragnhild Hovengen: Kan vi finne parallelle uttrykksformer i biletkunsten til Munch og litteraturen til Hamsun?