
Ellen Vahr. Foto: Pernille Marie Walvik
Ellen Vahr
Ellen Vahr er utdanna ved Handelshøyskolen i København og har jobba 20 år i finans- og forsikring. I 2016 vart ho nominert til Bokhandlerprisen for debutromanen Gaven. Så kom Idle Hour-trilogien med bøkene Reisen til Idle Hour, Bakeriet i Brooklyn og Sykehuset på Ellis Island. Triologien, som vart ein bestseljar, handlar om bakerdottera Thea frå Kampen, som reiser til Amerika for å arbeide for den velståande Vanderbilt-familien.
Under Diktardagar vil Ellen halde foredrag om Idle Hour-triologien på seminaret laurdag, besøkje biblioteket i Skjåk og delta på bokbadet laurdag kveld.