Brynjulf Jung Tjønn
Brynjulf Jung Tjønn er ein kritikarrost forfattar frå Feios i Sogn og Fjordane. Han skriv for både barn, ungdom og vaksne. I 2002 debuterte han med romanen Eg kom for å elske. Jung Tjønn har vore tildelt både Brageprisen (2013) og P2-lytternes gjeve romanpris (2021). I 2023 kom diktsamlinga Kvit, norsk mann, som vart tildelt Ungdommens kritikerpris.
Forfattarskapen speglar bakgrunnen hans som adoptivbarn frå eit asiatisk land, kjensla av utanforskap og jakta på identitet og tilhøyrsle.
Brynjulf Jung Tjønn har jobba som kulturjournalist, litteraturkritikar og som forlagsredaktør i Samlaget. I 2023 vart han valt til leiar av Den norske Forfatterforening.
På Diktardagar deltek han på seminaret for ungdom, opninga av Diktardagar og bokbadet.