Bilete av Sigrid Moldestad m/band

Sigrid Moldestad m/band

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folke-, vise- og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å røre publikum. Ho skriv tekstar sjølv, men har også tonesett diktarar som Jakob Sande, Tove Ditlevsen og ikkje minst plata “Brevet til kjærleiken” med 11 dikt av Jan-Magnus Bruheim. Denne plata vart kåra til årets album uansett genre i NRK P1, “Norsk på Norsk” i 2014.

Sigrid Moldestad har lenge hatt eit nært forhold til Jan-Magnus Bruheim sine dikt, og no har ho fått oppfylt draumen om å lage musikk til nokre av dei fine barnedikta hans.

Regndropebandet består av Sondre Meisfjord (bass) Kåre Opheim ( trommer) og Jørgen Sandvik (gitarar/dulcimer). Lyddesign ved Kjetil Aabø.

På Diktardagar 2023 deltek ho saman med bandet sitt med familiekonserten «Regndropeborna og andre dyr».

Barn under 12 år gratis inngang.
Vaksne kr 200,-

Arr: Diktardagar, Vennelaget Jan-Magnus Bruheim og Jacupscena