Portrett av Reidar Svare

Reidar Svare

Reidar Svare er opprinneleg frå Vågå, men har budd i Lom ei årrekkje, der han for tida er tilsett som organist. Svare er utdanna ved NTNU med sang som hovudinstrument, og har i fleire tiår vore innleigd som solist ved ymse høve i fleire av norddalsbygdene. Han har òg vore medlem i fleire musikkgrupper innanfor ulike sjangrar, fleire av dei tilknytte folkemusikken i Ottadalen.

Svare deltek med eit innslag i ord og tonar om Ragnvald Skrede under opninga av Diktardagar i Vågå Kulturhus .

Foto: Arve Danielsen, Fjuken