Marit Hosar

Marit Hosar

Marit Hosar er fylkesarkivar ved Innlandet fylkesarkiv/IKA Opplandene. Ho var arkivleiar ved Opplandsarkivet av Maihaugen frå 1981 – 2015. Etter over 40 år i arkiva si teneste, i arbeid med arkiv frå både privat og offentleg opphav, har ho vore oppteke av arkivinstitusjonane si samfunnsrolle.

Marit har leia fleire dokumentasjon- og formidlingsprosjekt, og vore oppteke av at arkiva fortel historie, bidreg til lokal identitet og er tilgjengeleg for alle. Ho har hatt fleire verv innan arkivfeltet, m.a. leia Arkivforbundet frå 2003-2007 og vore medlem av kulturvernutvalet i Norsk kulturråd 2012 – 2016. I tillegg er ho kunstnar som arbeider med eigne prosjekt.

På Diktardagar 2022 skal ho delta på Litteraturseiminaret med foredraget «Christine Storm Munch si kokebok frå 1703 – 1806. Kva seier kokeboka om maten dei serverte ved Vågå prestegard?»

Foto: Monika Sokol Rudowska