INN I DRAUMARS LAND

Fotografi av Lom stavkyrkje

Draumkvedet er eit visjonsdikt frå mellomalderen om Olav Åsteson som sovna på julekvelden og ikkje vakna før trettandag jul. Da reid han til kyrkja og fortalde kva han hadde sett og opplevd på reisa si til dødsriket. Delar av kvadet kan du høyre i Lom stavkyrkje laurdag 5. september klokka 23. Da inviterer Diktardagar til kveldsmesse mot midnatt.

Det er Iselin Aukrust som skal syngje delar av Draumkvedet. I tillegg vil Reidar Svare og Trond Byre-Haakensen framføre «Thomashymnen», gregoriansk song. Hans Johan Sagrusten held kveldsmessa og Vemund Aukrust står for orgelmusikk.