Hanna Gjeilo Skjåkødegård. Foto: Vetle Gjeilo.
Hanna Gjeilo Skjåkødegård
Hanna Gjeilo Skjåkødegård flytta heim til Skjåk med mann og to barn i romjula 2025, etter 20 år borte frå bygda – dei siste ti åra i Bergen. Der arbeidde ho som forskar ved Barne- og ungdomsklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Våren 2024 engasjerte Hanna seg sterkt i skulestruktursaka i Innlandet, ei sak som dei neste åra fekk stor nasjonal merksemd. Då det vart vedteke å leggje ned skulestaden i Lom, stod ho i spissen for å etablere ein privatistskule på rekordtid, og deretter for å få godkjent ein offentleg godkjend privatskule, som opnar dørene 17. august 2026