HIMMELVARDEN
Diktsyklusen Himmelvarden frå 1916 var det litterære gjennombrotet til Olav Aukrust. Samlinga inneheld både syklusar og enkeltdikt. Under Diktardagar 2026 får publikum ei framsyning i ord og tonar bygd på eit utval av dikta.
Framsyninga Himmelvarden går føre seg laurdag 5. september i Utgard i Lom. Medverkande er Vegar Vårdal på fele, Bjørn Kåre Odde på fele, Iselin Aukrust med fele og song og Even Lusæter les dikta.
Himmelvarden har vore sett opp tidlegare. Også da var det eit tingingsverk til Diktardagar. Dei som stod bak oppsettinga da, var Vegar Vårdal, Bjørn Sigurd Glorvigen og Even Lusæter. Det er gjort nokre endringar sidan den gongen. I den nye oppsettinga blir det mellom anna brukt meir lokal musikk.
Slik presenterer gruppa sjølve diktverket: Himmelvarden er bygd opp i bolkar. I den første bolken, «Elingar», skildrar Aukrust ein ungdom sitt møte med naturen. Først blir han lamslegen, før han finn si oppgåve: å frigjere sine indre krefter. I den andre bolken, «Adam og Eva», møter han kjærleiken. Bolken tonar ut i eit av dei mest kjende dikta frå samlinga, «Ei naki grein». I tredje bolk, «Eldingsnetter», dukkar han djupare ned i kjærleiksmotivet. Gjennom den kvinnelege kjærleiken og Guds nåde finn han ein veg ut av livsangsten og opp frå avgrunnen. I siste bolk, «Himmelvarden», kjempar han seg vidare opp. Som i ekstase ser han endeleg samanhengen i livet.
Enkeltdikt og diktsyklusar kan vera ei gullgruve for komponistar og visekunstnarar som tolkar dikta gjennom tonesetjing. Relativt få av dikta i Himmelvarden er tonesette. Forklaringa kan liggje i at stoffet kan vera utfordrande å trengje inn i. Språket til Olav Aukrust er både fargerikt og konkret. Landskap, bygda og naturen blir skildra slik at ein kan sjå det for sitt indre auge. Men kontrastane og djupnene i biletbruken kan vera krevjande for folk flest. Når det er sagt, kan nok mange godt vaksne i Gudbrandsdalen nynne «Ola Jonson» eller deklamere «Sota».