Portrett av Alf Hulbækmo. Foto: Morten Gravdal.
Alf Hulbækmo. Foto: Morten Gravdal.

Alf Hulbækmo

Alf Hulbækmo er musikar med utdanning i jazzpiano, arrangering og komponering og kyrkjemusikk fra konsen i Trondheim. Han arbeider for det meste prosjektbasert. Det største prosjektet hans så langt er Skumringsbarda. Det vart komponert for Trondheim Jazzorkester og urfamført i Molde Domkirke sommaren 2021. Musikken vart utgitt i 2026. Han har også skrive bestillingsverk til blant andre Nidaros Domkor, NyNorsk Messingkvintett og Vinterfestspill i Bergstaden.
Alf er interessert i poesi, og er opptatt av å bruke musikk til å blåse liv i orda. Prosjekta hans er ofte ambisiøse, der blodig alvor og tull og tøys går hand i hand. Han har også jobba mykje med Prøysen. Sidan 2021 har han vore tilsett som organist, først i Vågå, så i Røros. Hulbækmo bur på Røros med kone og barn. På Diktardagar deltek han under opninga fredag, under middagen fredag kveld og på seminaret laurdag.