Portrett av Astrid Garmo. Foto: Leikny Havik Skjærseth
Astrid Garmo. Foto: Leikny Havik Skjærseth

Astrid Garmo

Astrid Garmo er frå Garmo i Gudbrandsdalen. Det er ei bygd med sterk fele- og folkemusikktradisjon. Sjølv om ho har føtene godt planta i folkemusikken frå heimemiljøet, valde Astrid hardingfele som hovudinstrument då ho gjekk på Norges Musikkhøgskole. Der fokuserte ho på folkemusikk frå Hallingdal, Valdres og Telemark. I dag jobbar ho frilans som felespelar, gitarist og bassist i band på tvers av sjangrar. Ho er å høyre i prosjekt som Pumpegris, scoreboard, Future Nostalgia og Ester & Astrid. I 2024 gav Astrid ut den første soloskiva si, Sjugurd. Det er eit prosjekt der ho tolkar opptak etter oldefaren sin, felespelaren Sjugurd Garmo.
Under Diktardagar opptrer Astrid saman med Jonathan Lengali i Domen på Soleggen. Det blir ei framføring der dikt og musikk glir over i og spelar på kvarandre. Samstundes utgjer akustikken i Domen ein egen del av opplevinga.