Ullinsvin
Adresse
Øvre Nordheradsvegen 4
Vågå
2680
Ullinsvin er ein svært gamal gard, som kan ha blitt rydda så tidleg som i eldre jarnalder (ca. 500 år f.Kr.). Forleddet Ullinsvin- er tolka som eit gudenamn, etter den norrøne guden Ullin (Ullr), også kalla ski-, jakt-, bue- og skjoldguden. Det tydar på at prestegarden var eit religiøst senter også i førkristen tid. Ullinsvin var prestebustad i fleire hundre år (Amund prest i Vågå er omtala i skinnbrev frå 1340) og fram til 1981.
Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år.
Ullinsvin består av 13 bygningar, som Vågå Historielag eig. Dei fleste er freda. Bygga er fordelt på eit inntun og eit uttun. I inntunet ligg den historiske prestegardshagen, som består av urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage, ulike tre og
buskar.
Ullinsvin byr deg i dag på det beste frå kunst og kultur, historie og samtid smelta saman på ein unik arena. Galleri Ullinsvin, som opna i 2019, inviterar kvart år til utstillingar med nokre av dei fremste kunstnarene i landet. Gudbrandsdalsmusea viser historiske utstillingar.
Kommende arrangementer
- Litteraturseminar: Det er den draumen - 05.09.2026 - 10:00 - 14:30