Helsesista, Tale Maria Krohn Engvik. Foto: Tobias Mant.
Tale Maria Krohn Engvik
Tale Maria Krohn Engvik hadde vore tilsett som helsesyster i Oslo kommune i fem år, da ho på tampen av 2016 opna snapchatkontoen Helsesista. Nå kan ein finne @Helsesista på dei fleste sosiale plattformene. Tale engasjerer seg særleg for barn og unge og dei som på ulike måtar slit litt ekstra. Ho jobbar også som foredragshaldar og forfattar, og er med i ulike samarbeidsprosjekt. Tale har vorte tildelt 12 prisar for arbeidet sitt arbeid som Helsesista. Blant dei er Redd Barnas Rettighetspris i 2017 og Tabuprisen 2018. Sjølv verdsett ho høgast meldingar frå ungdom som fortel at dei på grunn av arbeidet hennar har våga å be om hjelp. Under Diktardagar deltek ho på seminaret for ungdom.