Gaute Heivoll
Gaute Heivoll (f. 1978) er forfattar, fødd og oppvaksen i Finsland i Agder. Han debuterte i 2002 med novellesamlinga «Liten dansende gutt», og har etter det gjeve ut fleire titals bøker for barn, ungdommar og vaksne. Forfattaren har fått ei rekkje prisar. For romanen «Før jeg brenner ned» fekk han Brageprisen i 2010. Boka om pyromanen frå heimtraktene til Gaute vart også filmatisert. «Himmelens krystall» frå 2025 vann Lytternes romanpris. Boka handlar om postmannen Tomas, som lever eit enkelt og heller einsamt liv, men som det står på omslaget: «Men selv et bortgjemt liv rommer en hel verden». Forfattaren kjem med ny bok til hausten. Under Diktardagar skal Gaute besøkje bibliotek og delta på bokbadet laurdag kveld.