Bokbad

Tre spennande forfattarar møtest til bokbad på Fossberg laurdag kveld under Diktardagar.
Guro Kulset Merakerås er journalist og kritikarrost forfattar av fleire sakprosabøker. I fjor gav ho ut boka Jeg er Mariam. En fortelling om frihet. I denne boka fortel afghanskfødde Mariam Rasouli om vegen mot fridom og viser oss eit liv i, men på same tid på sida av, det norske samfunnet. Boka vart kåra til ei av årets beste bøker i Klassekampen: «Eit uvanleg levande portrett av ein flyktning frå Afghanistan som trass traumatiserande erfaringar formidlar kunnskap, håp og livsglede».
Therese Tungen, dølajente frå Kvam, er aktuell med ny bok til hausten. Da kjem romanen Den andre sida av elva, ein historie som har ligge på vent i ti, femten år. Karnanne Amundsen kjem attende til bygda ho nærmast flykta frå for tredve år sidan, då storesystera vart funnen død i elva. I boka blir vi kjende med Karnanne, Ænar og Knut og andre skrøpelege typar, i følge forfattaren. Vi gler oss over at Therese er med oss på Diktardagar igjen og til å lesa og høyre meir om boka.
Ellen Vahr er invitert til Diktardagar i høve markeringa av utvandrarjubileet. Ellen har skrive Idle Hour-trilogien, ein romantrilogi inspirert av bestemora si reise til Amerika under første verdskrigen, om tida hennar som tenestejente hjå familien Vanderbilt, ein av dei rikaste familiane i USA på den tida.
Her ligg det an til å bli ei interessant og vidtfemnande samtale mellom dei tre forfattarane og Magnhild Bruheim som leiar bokbadet.