Henning Howlid Wærp

Henning Howlid Wærp  vart dr.art. ved Universitetet i Oslo i 1996 og er professor i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Tromsø. Wærp er kritikar og forfattar og har mellom anna forska på Knut Hamsun. I 2018 gav han ut boka «Hele livet en vandrer i naturen» – ein økokritisk innfallsvinkel til Knut Hamsun sitt forfattarskap. Her tek han for seg 16 av verka til Hamsun i eit nytt og tidsaktuelt perspektiv frå debutboka «Sult» og til Hamsun sette punktum med boka «På gjengrodde stier».