Bilde av Laura Djupvik. Foto: Hildebjørg Djupvik
Laura Djupvik. Foto: Hildebjørg Djupvik

Laura Djupvik

Laura Djupvik er ein skjønnlitterær forfattar frå Gurskøy på Sunnmøre. Ho bur no i Lier, og skriv bøker for både barn, unge og vaksne. Djupvik debuterte i 2004 med romanen Båten er så liten, og har sidan skrive ti bøker for barn, unge og vaksne. I 2008 vart ho tildelt Guro Sandsdalens litteraturpris for barneboka Hundre appelsinar og ein fiolin.
Djupvik har arbeidd både som lærar, journalist, litteraturformidlar og konsulent ved Deichman bibliotek. Djupvik skriv i Syn og Segn og har sete tre år i Det litterære råd i foreininga Norske Barne- og Ungdomsbokforfattarar (NBU).

Under Diktardagar 2024 skal Laura Djupvik besøkje 6. klassingane i Vågå, Lom og Skjåk.