Stadane

Bilete av Aukrust Gard og Ysteri i Lom
Garden er driven bio-dynamisk sidan 1986. Her er det urtehagar med 200 ulike urter, gardsbutikk, servering etter avtale og arrangement i «Hågå-huset». Kyr, griser, høner og kattar fins rundt på tunet.
Fossberg hotell ligg midt i Lom sentrum der dalføret deler seg for den mektige Lomseggen og Bøvra renn kvit og vill utover Prestfossen. Hotellet har trim og trivselssenter med svømmebasseng, barnebasseng, stort boblebad, solarium, badstue, trimrom godt utstyrt med treningsapparat. Vi har også ladestasjon for el-bil.
Fossheim Hotell er eit historisk og tradisjonsrikt hotell midt i nasjonalparklandsbyen Lom, omkransa av Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen nasjonalparkar.
Lom folkebibliotek med Lom stavkyrkje i bakgrunnen
Lom folkebibliotek er eit lite bibliotek med stor aktivitet. Vi er to tilsette som gjennom åra har brukt mykje tid på formidling av bøker for alle aldersgrupper, både lokalt og nasjonalt, i bibliotek og på nett. Vi har delvis ved...
Fotografi av Lom stavkyrkje
Lom stavkyrkje er ei imponerande kyrkje med ei rik historie. Ho vart bygd midt på 1100-talet, og var ei travel kyrkje i middelalderen. Stavkyrkja har ei stor samling måleri. Dei fleste er måla av Eggert Munch, presteson frå Vågå og fjern slektning av den seinare så berømte målaren Edvard Munch.
Marlo Grendehus i Skjåk
Marlo grendehus er Skjåk si storstue. Lokalet blir m.a. nytta til selskap, fest og som bygdakino. Huset har eit amfi med 130 sitjeplassar.
Bilete frå barneavdelinga ved Skjåk folkebibliotek
Årets bibliotek! Skjåk folkebibliotek er kåra til årets bibliotek av Norsk Bibliotekforening. Det er stor aktivitet på biblioteket gjennom heile året med over 50 arrangement for store og små. Biblioteket finn du i kommunehuset i Skjåk.  Biblioteket er "meirope bibliotek"....
Foto av Soleggen fjellstue. Foto: Øyvind Guldbrandsen.
Soleggen fjellstue ligg 957 m.o.h. på nordsida av Jotunheimen, ca. ei mil frå Lom. Fjellstua ligg i eit variert kulturlandskap kjent for eit rikt planteliv..
Fotografi av Stusslegstugu. Foto: Hans Enok
"Stusslegstugu" i Lom var barndomsheimen til Tor Jonsson. Tor budde mesteparten av livet her saman med mora og ei ugift syster på eitt rom og kjøkken med sovealkove. «Stusslegstugu» vart restaurert og opna for publikum etter avtale i 2000.
Fotografi av Ullinsvin. Foto: Stein Holen.
Den gamle prestegarden i Vågå, Ullinsvin, er ein svært gamal gard. Han ha blitt rydda så tidleg som i eldre jarnalder (ca. 500 år f.Kr.). I dag finn ein kunstgalleri, museum, husflid- og lokalmatutsal, kafè og historisk hage på garden.
Bilde av Utgard fleirbrukshus i Lom. Foto: Ola Rossehaug
Utgard er storstova i Lom. Saman med idrettsanlegget i Grov utgjer huset den største samlingsplassen for kultur- og idrettsarrangement i Lom. Kulturhuset Utgard inneheld  kulturstugu, idrettshall, kjøken, kantine, møterom, trimrom, svømmehall, garderobar og skulelokale for vidaregåande skule.
Vågå bibliotek er ein levande møteplass og kunnskapsarena. Her kan du finne eit breitt utval av bøker, aviser, tidsskrift, filmer og brettspel til barn, ungdom og vaksne. Biblioteket ligg i Vågåmo som er sentrumet i Vågå. Inngang til biblioteket er...