Stadene
På Bokhandel'n, i hjarta av vakre Vågåmo, får du servert solid og ekte mat tufta på tradisjonar og lokale råvarer på dagtid og kveldstid, helgar og fest. Velkomen til bords i lokalmatfatet Vågå
Fjelleventyret er eit aktivitetsfirma i Skjåk som byr på matservering, overnatting, kulturopplevingar, rideturar, guida toppturar og jaktpakker. Fjelleventyret finn du ved inngangen til idylliske Lundadalen, ein seterdal som ligg i hjarta av Breheimen Nasjonalpark. Nettsida til Fjelleventyret Facebook Fjelleventyret
Fossberg Hotell ligg midt i Lom sentrum der dalføret deler seg for den mektige Lomseggen og Bøvra renn kvit og vill utover Prestfossen. I vårt moderne men tradisjonsrike hotell kan vi tilby komfortable hotellrom med dusj, toalett og TV med...
Lom folkebibliotek er eit lite bibliotek med stor aktivitet. Vi er tre tilsette som gjennom åra har brukt mykje tid på formidling av bøker for alle aldersgrupper, både lokalt og nasjonalt, i bibliotek og på nett. Vi har delvis ved...
Marlo grendehus er Skjåk si storstue. Lokalet blir m.a. nytta til selskap, fest og som bygdakino. Huset har eit amfi med ca. 130 sitjeplassar. Marlo grendehus har hatt ei omfattande renovering og opprusting dei siste åra.
Er eit hundre år gamalt fjos som er ombygd til pub. Dei gamle tømmerveggane, metertjukke natursteinveggar og rustikk tak er teke vare på siden den gongen hest, ku, sau, høns og gris heldt til her. Bar med alle rettar. Pizzaservering.
I hjarta av Lom finn du Norsk fjellsenter, krinsa av høgfjell og eventyr på alle kantar. Norsk fjellsenter er eit besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen. I fjellsenteret finn du òg Café Slingsby, kunstutstilling, bokhandel, fjellbutikk og informasjon om natur,...
Skjåk folkebibliotek finn du i kommunehuset i Skjåk. Kommunehuset ligg i Bismo, som er sentrumet i Skjåk kommune. Biblioteket er nyoppussa og har akkurat starta som "meirope bibliotek". Det vil seie at om du ordnar deg med adgangskort, kan bruke...
Steinfjoset er ein del av den gamle prestegarden i Lom, og er i dag den einaste originale bygningen som står att frå det gamle prestegardstunet. Hovudbygningen her vart reist så tidleg som i 1608. Dette tente som prestebustad heilt fram...
Utgard er storstova i Lom. Saman med idrettsanlegget i Grov utgjer huset den største samlingsplassen for kultur- og idrettsarrangement i Lom. Kulturhuset Utgard inneheld kulturstugu, idrettshall, kjøken, kantine, møterom, trimrom, svømmehall, garderobar og skulelokale for vidaregåande skule. Kontaktperson (1)
Biblioteket ligg i Vågåmo som er sentrumet i Vågå. Inngang til biblioteket er på baksida av bygget som heiter "Gammelbanken". Facebook Vågå bibliotek