Steinfjoset

Laster kart ....

Adresse
Bergomsvegen 31
Lom
2686


Steinfjoset er ein del av den gamle prestegarden i Lom, og er i dag den einaste originale bygningen som står att frå det gamle prestegardstunet. Hovudbygningen her vart reist så tidleg som i 1608. Dette tente som prestebustad heilt fram til 1916, og på 1800-talet fungerte prestegarden også som losjihus for velståande turistar, som kunstnarar og forretningsmenn – ja, til og med kongelege. Kjende personar som Eilert Sundt, Aasmund Olavsson Vinje, Henrik Wergeland, Ludvig Holberg og kronprins Carl har vore på besøk her, og som ein av dei siste, store gjestane var Henrik Ibsen i 1862 innom på tur over Sognefjellet. I desember 1936 gjekk den flotte hovudbygningen tapt i ein stor brann, men eit nytt hus i same stil vart sett opp att på tomta.

Etter at prestegarden i 1916 vart flytta lenger mot Skjåk, vart steinfjoset gjort om til gymnastikksal, og etter kvart bygd saman med Drengjestugu til dusj- og garderobeanlegg. Steinfjoset er eineståande i sitt slag i Noreg.

Kommende arrangementer

  • Ingen arrangementer på denne staden