Lom folkebibliotek

Laster kart ....

Adresse
Sognefjellsvegen 6
Lom
2686


Lom folkebibliotek er eit lite bibliotek med stor aktivitet. Vi er tre tilsette som gjennom åra har brukt mykje tid på formidling av bøker for alle aldersgrupper, både lokalt og nasjonalt, i bibliotek og på nett. Vi har delvis ved hjelp av prosjektmiddel hatt ein høg aktivitet der vi har fått gjennomført mange større og mindre prosjekt, både åleine og i samarbeid med andre. I seinare år har m.a. prosjektet Moderne klassikarar, med vidareføring i Beste norske, vore spennande prosjekt som har involvert godt over 60 andre bibliotek over heile landet. I 2012 vart vi kåra til Årets bibliotek av Norsk bibliotekforening, den gjevaste prisen eit norsk bibliotek kan få.

 

Kommende arrangementer

  • Ingen arrangementer på denne staden