Det er 100 år sidan Knut Hamsun tok imot Nobelprisen i litteratur i Stockholm. Lom kommune markerte 75-års jubileet i 1995, og det førde til at Knut Hamsun-laget vart skipa og seinare til det som nå er Diktardagar. Nå inviterer vi på nytt til feiring av den stor forfattaren, og denne gongen i samarbeid med Diktardagar og Lom kommune.
Torsdag 10. desember markerer vi dette i Utgard kl 19.00.
På programmet har vi
- Edvard Hoem – foredrag om Knut Hamsun
- Hanne og Synne Kjøk – syng Om hundrede år er allting glemt
- Regine Hamsun – les utdrag frå tekster av Knut Hamsun
- Leif Hamsun – les Nobeltala
- Endre Skjåk og Pål Svindland – utdrag frå Markens Grøde i ord og tonar
- Gjelingljomen med dirigent Reidar Svare – syng
- Lom junior spelmannslag – musikkinnslag
- Torunn Kjøk – kva seier store internasjonalt anerkjende forfattarar om Knut Hamsun
- Helsing frå Lom kommune, Innlandet fylkeskommune, Knut HamsunSelskapet i Noreg og i Georgia, Sérgio Calabri og Knut Hamsun-laget i Lom.
- Kongen kjem ikkje, men det gjer kanskje kulturministeren
Alle er velkomne!
Inngangsbillett: Vaksne kr. 200.- Skuleelevar: kr 100.-
Pga smittevernreglane knytt til koronapandemien må vi ha førehandssal av billettar. Frå måndag 16.11.2020 kl. 09.00 til og med 05.12.2020 kl. 16.00 får du kjøpt billettar på:
Arr.: Knut Hamsun-laget i Lom, Diktardagar og Lom kommune
Vi tek atterhald om endringar i programmet.
Foto: Paal Audestad