Henning Sommerro

Henning Sommerro har sidan han slo igjennom med Vårsøg i 1977, vore ein av dei fremste i norsk musikkliv. Han er f.t. professor ved Institutt for musikk ved NTNU. Han har ei formidabel liste med plateproduksjonar, m.a har han fått Spelemannsprisen tre gonger. Henning Sommerro har komponert operaer, skrive musikk for film og teater og ei lang liste med kyrkjemusikk – også eit tingingsverk til St. Petersburg sitt 300-årsjubileum.

Under Diktardagar 2016 kjem Henning Sommerro og John Pål Inderberg til å framføre eigne tonesette dikt av Tor Jonsson.