Ane Dahl Torp

Ane Dahl Torp er fødd 1. august 1975 i Bærum og bur nå i Oslo. Ho tok skodespelarutdanning ved Statens Teaterhøgskole (1996 – 1999). Ho har vore tilsett ved Teateret Vårt i Molde og ved Det Norske Teateret i Oslo sidan 2002. Filmkarrieren starta ho i 2003 med Kvinnen i mitt liv. Sidan har ho spelt i fleire norske filmar og TV-seriar. Ho har også fått fleire prisar for innsatsen på filmlerretet og på scenen. Ane Dahl Torp kjem til Diktardagar saman med musikarmannen Sjur Miljeteig. Saman har dei tatt for seg Arne Garborgs store og medrivande diktsyklus Haugtussa og laga eit musikalsk forteljarteater som flørtar med mørkret frå rockescenen. Stykket hadde premiere på Det Norske Teateret i 2013.