Ivar Teigum er fødd i 1944 og er opphaveleg frå Skjåk. Han er lokalhistorikar som er utdanna lektor med faga engelsk, historie og idehistorie. Mellom anna har han gjeve ut eit lokalt historieverk på fire band for kommunane Vågå og Sel. Han har også gjeve ut mellom anna diktsamlingar og fleire bøker og skrifter om lokalhistorie.