Rønnaug Kleiva (frå Vartdal på Sunnmøre) debuterte i 1985 med diktsamlinga Animasjon. Ho har sidan gjeve ut 28 bøker i ulike sjangrar for vaksne og barn. Fleire av bøkene er omsette til andre språk.
I 2019 kom romanen Liljene på stranda, som handlar om ei norsk kvinne som innleier eit forhold til ein eldre mann i Aten. Dei fortel kvarandre om liva sine, men fleire episodar gjer kvinna usikker på kva som er sant i historiene deira. 25 år seinare møter ho mannen igjen. Kva er da att av deira felles opplevingar, og kven har ho blitt? Kleiva utforskar her det å bli eldre, døden og det svikefulle minnet. Foto: Tove K. Breistein