Sponsorer
Takk òg til
TAGAL – Tor Jonsson tonesett av Georg Buljo
Laurdag 12. november kl. 19:30 avsluttar Diktardagar 100-års markeringa for Tor Jonsson
i Kulturstugu i Utgard med urframføring av bestillingverket Tagal.
Publikum får høyre melodiske, vakre og vare stemningar der Susanna Wallumrøds karakteristiske vokal får blande seg med meditative instrumentale parti med tradisjonsmusikalske krumspring.
Sigmund Bråtet les dikt av Tor Jonsson.
Georg Buljo har kledd Tor Jonssons tekster i lågmælt og intens musikk i eit snodig folk/pop landskap som blir framført av Susanna Wallumrød, Erlend Viken, Per Willy Aaserud, Christian Svensson og Georg Buljo. Urframføring i Lom med nokre av Norges mest spennande musikarar på laget.
Publikum vil få høyre Buljos melodiske, vakre og vare stemninger der Susanna Wallumrøds karakteristiske vokal får blande seg med meditative instrumentale partier ispedd tradisjonsmusikalske krumspring.
Georg Buljo – gitar, komponist, ensembleleiar
Susanna Wallumrød – vokal, piano
Erlend Viken – fele Per W Aaserud – trompet og synth
Christian Svensson – trommer og elektronikk
Georg Buljo er kjent som gitarist, komponist og produsent blant annet for Mari Boine, Niko Valkeapää og har samarbeidd med norske songarar som Odd Nordsoga, Lars Bremnes og Jan Eggum. Buljo var Årets Profil under Festspillene i Nord Norge 2015 og Årets Samiske Artist 2014. Buljo har gjeve ut soloalbumet «Saxapahaw» og plata «Neve» (saman med Nils Økland), komponert fleire bestillingsverk og musikk for dans og teater.
Georg Buljos bakgrunn fra pop, rock og improviserte musikkformer gjev seg ofte til kjenne, men musikken hans bevegar seg også i grenselandet mellom samisk, norsk og internasjonal tradisjonsmusikk i ei moderne form.
Buljo har sin oppvekst fra Oppdal og Gjøvik med morsslekt fra Hamar-regionen medan dei samiske røttene er seg i Masi og Kautokeino. Før han studerte musikk i Oslo var han sivilarbeider på- og etter kvart leiaer for Rockeverkstedet på Lillehammer.
”Jeg bodde to år på Lillehammer, i døråpningen til Gudbrandsdalen, og de årene var veldig viktige for min musikalske utvikling. Røttene i innlandet blir alltid værende», seier Buljo.
«Tor Jonssons mørke er noe vi alle kan kjenne oss igjen . Han formidler menneskets tidløse sosial søken og kamp». (Buljo om Jonsson)
Susanna Wallumrød frå Kongsberg er kvinna bak artistnamna «Susanna and the Magical Orchestra», «Susanna» og «Susanna Wallumrød». Ho har sidan 2004 gjeve ut musikk på uavhengige selskap som Rune Garmmofon, Grappa Musikkforlag og gjennom sin eigen label Susanna Sonata.
Susanna har tidlegare lånt stemma si til tittellåten i filmen «No Word for worry» der Buljo skreiv musikken, og Buljo har gjesta Susannas trio b.a under festivalen Crossing Border i Nederland og på Øyafestivalen. Ho er kjent for sine originale tolkingar av mellom anna AC/DC, Dolly Parton, Thin Lizzy og ABBA, men også for sine eigne, sterke komposisjonar og for tonesetting og tolking av Gunvor Hofmo sine dikt. (Foto: Anna Valeur)
Susanna Wallumrød har gjeve ut 11 album til nå og ho fekk Spelmannsprisen The Forester (2013) og Meshes of Voice (2014). Ho har i tillegg komponerte fleire bestillingsverk og motteke ei rad prisar. Ho er òg kjent for samarbeidet med Tuva L. Syversen, Stian Westerhus, Jenny Hval, Tord Gustavsen, amerikanske Bonnie «Prince» Billy og den
Erlend Viken, fele, er frå Oppdal og har bakgrunn frå Vinstra Vidaregåande og Norges Musikkhøgskole. Han har gjeve ut fleire album med sin eigen trio, har vunne prisar for plater med Aslak Brimi og er medlem av bandet Earlybird Stringband.
Viken komponerer også musikk til Frikar Dance Company og har vore med på ein rekke plateutgjevingar, seinast med OnklP & De Fjerne Slektningene og på den dobbelt spellemannsnominerte plata til Erlend Ropstad. I 2012 vann Erlend den høgt hengande Intro-folk prisen.
Per Willy Aaserud frå Gran på Hadeland, har i over tretti år samarbeidd med Buljo i mange forskjellige samanhengar. Han har også jobbe med artistar som Niko Valkeapâä, Gisle Børge, Styve Trio, Inger Marie Gundersen og Jonas Fjeld.
Christian Svensson er trommeslager frå Karlstad i Sverige. I 10 år var han på turné med det svenske bandet Hedningarna, og han har òg jobba med Harv, Bruvoll/Halvorsen.
Både Aaserud og Svensson var med på Buljos bestillingsverk «Maze» til Festspillene i Nord-Norge i 2015. Erlend Viken har samarbeidd med Buljo i hans Electric Bidus Ensemble. Susanna har tidligere lånt stemme til tittellåten til filmen “No word for worry” der Buljo skrev musikken. Buljo har også spilt konserter med Wallumrøds trio blant annet under festivalen Crossing Border i Nederland og på Øyafestivalen.
November 2016 kl. 19:30 i Kulturstugu – Utgard
Dørene opnar kl. 18:30.
Det blir høve til å kjøpe, kaffe og anna god drikke.
Dei som ynskjer det kan òg få kjøpt bøker.
Billttar: kr. 295.- + serviceavgift kan kjøpast i Utgard
Eller på nettet: www.lom.no/utgard
Arr.: Diktardagar i samarbeid med Tor Jonssonlaget, Utgard og Lom kommune
Sonsorar: Oppland Fylkeskommune Det norske komponist fond
Fossheim Hotell Sparebank 1 Lom og Skjåk
Vi tek atterhald om endring i programmet.
Diktardagar 2017
Diktardagar 2017 i Lom, Skjåk og Vågå blir arrangert i perioden 31. august til 3. september 2017.
Neste år er det 100 år sidan Markens Grøde av Knut Hamsun kom ut. Derfor vil ein del av programmet bli knytt til tema i den romanen. Vi reknar med å ha på plass eit førebels program rett før jul.
Vi oppmodar interesserte om å merke seg datoane, og ynskjer alle velkomne til nye Diktardagar!
Vellykka Diktardagar 2016
Aldri har det vore så stor interesse for Diktardagar i Lom, Skjåk og Vågå som i år.
Alle disponible plassar på Diktardagarmiddagen vart fyllt opp, dvs. om lag 100 person var med på den trivelege middagen på Fossheim. Interessa for Bokbadet var så stor at vi måtte sette strek for billettsalet og opprette venteliste for folk som gjerne ville få med seg det. Som vanleg vart det att nokre billettar som ikkje vart henta av dei som hadde bestilt, og alle 120 kom inn til slutt.
Berre kjærleik og død i Marlo grendahus fredag vart svært godt motteke av ein fullsett sal, og skodespelarane vart takka med trampeklapp.
Temaet for seminaret fenga tydelegvis mange, og dei interessante forelesarane fekk stor applaus frå dei ca. 130 som deltok. Dette er òg rekord; ja, faktisk 40 fleire enn på seminaret for 2 år sidan da Frank Aarebrot trekte mykje folk.
Sidan det var Tor Jonsson-jubileum var det kanskje ikkje så rart at mange ville høyre foredraget som Ove Røsbak heldt ved Tor Jonssonstugu, men at det skulle kome bortimot 150 personar overraska oss.
Festkvelden vart også ei stor oppleving for dei om lag 200 som hadde funne vegen til Utgard. Dessverre var Sigbjørn Johnsen forhindra i å kome pga at mor hans låg på sitt siste, men han har lova å kome til Lom seinare ein gong og halde foredraget sitt da.
Diktardagar 2016 avslutta med minneprogram om Aslaug Høydal på Utgard i Lundagrenda. Ca 150 personar fann vegen dit og dei sette pris på eit variert program.
Vi takkar alle som deltok på Diktardagar 2016, og ynskjer velkomen att neste år!
Diktardagarprisen 2016
Diktardagarprisen 2016 går til Guri Sørumgård Botheim. Guri debuterte med romanen Ramstein pensionat (2009) i lag med søstera, Sigrid. Dei var redaktørar for boka Søsken (2011) i lag med Ingrid og Kjersti Rognes Solbu. Sigrid og Guri skriv også humorspalte i Dag og Tid. Guri har fått svært gode omtaler for diktsamlinga «Heime mellom istidene» som kom ut i vår. Her skriv ho om heimbygda ho reiste frå og om livet i byen. Ho skriv om tilknytninga til heimplassen, bygda der slekta har levd heilt sidan istida. Nokre har flytta ut, men alltid kome attende. Blir ho den fyrste som ikkje kjem attende? Guri er fødd i 1978 og kjem opprinneleg frå Lesja. Ho bur nå i Trondheim. Guri føyer seg inn i den fine rekkja av skrivande kvinner frå dalen som har motteke Diktardagarprisen. I 2014 gjekk prisen til Gyrid Axe Øvsteng frå Vågå, i fjor til Anna Kleiva frå Vinstra. Under Diktardagar 2016 deltek Guri med opplesing frå den siste boka si på Bokhandelen kafè i Vågå laurdag kl. 14.00. Ho er også med på festkvelden i Utgard der prisutdelinga går føre seg, og er sjølvskriven gjest på bokbadet laurdag kveld. Her kan de sjå den fine filmen som er laga til «Heime mellom istidene»: https://youtu.be/UMQaMj90ujk
Rekordstor interesse for seminaret i år
Vi har aldri tidlegare merka så stor interesse for litteraturseminaret vårt som i år. Dei fyrste billettane vart tinga før 1. mai, og det er tidleg når salet eigentleg ikkje startar før 1. august. Til nå har 70 personar tinga billett. Dette skuldast nok fyrst og fremst at Noregs Mållag legg haustseminaret sitt til Lom rett i etterkant av Diktardagar 2016, og dei kjem så tidleg at dei får med seg våre arrangement også.
Seminaret går føre seg i Kulturstugu i Utgard, så det er godt om plassar framleis. Men styret i Diktardagar tilrår at dei som er interesserte i å sikre seg plass, reserverer eller kjøper billett på heimesida vår.
Det er ei glede å konstatere at Diktardagar har klart å skape så stor interesse langt utover vår region.
Vellykka opningsprogram for Tor Jonsson-året i Lom
Diktardagar gratulerer Tor Jonssonlaget og Lom kommune med eit særs godt program laurdag 21. mai! Konserten i Utgard med Tor Jonssons band var ei stor oppleving med nye tonar til dikt av Tor Jonsson. Både musikk- og vokal presentasjon var av høg klasse. Kombinasjonen av lokale og nasjonale aktørar er bra, og gledeleg var det at yngre songarar fekk sleppe til. Diktlesinga til Sigmund Bråtet og innslaget til Lom spel- og dansarlag gjorde det heile til ei stor oppleving for ein fullsett sal.
Diktardagar 2016
Sidan det er 100 år sidan lyrikaren og essayisten Tor Jonsson, kom til verda, har han fått ein sentral plass under Diktardagar 2016. Ein annan forfattar og samfunnsdebatant, Aslaug Høydal, var fødd same året, og eit festprogram er lagt til hennar nærmiljø i Lundagrenda.
Skodespelet «Berre kjærleik og død» vart første gong framført i 2001, m.a. på Trøndelag Teater. I år kjem dei til Diktardagar.
Bygda, var sentral i Tor Jonssons forfattarskap, og alle som innleiar på seminaret, har arbeidd med tema knytt til livet på bygdene – og framtida for bygdene.
Likskapen mellom produksjonane til Alf Prøysen, Hans Børli og Tor Jonsson har gjort at Diktardagar 2016 har fått tak i Prøysen-biografen Ove Røsbak og Hans Børli-entusiasten Erik Lukashaug.
Henning Sommero har tonesett dikt av Tor Jonsson og det vil han framføre festkvelden. I tillegg kjem det mange kulturelle innslag av barn og ungdom frå Ottadalsbygdene.
Aslaug Høydal 100 år i 2016
Aslaug Høydal (fødd i Seljord 22. desember 1916, død i Skjåk 2007) var lærar, forfattar og samfunnsdebattant. Einar Gotehus skriv i samandraget i si hovudoppgåve om Aslaug Høydal: «All diktinga hennar munnar ut i eit forsvar for dei veike og verjelause». Dette er kjernen i livsverket hennar. Alt ber i seg målet at det gode i menneska må få rå i samfunnet.
Den litterære produksjonen hennar er svært omfattande, meir enn 50 bøker i løpet av ein femtiårsperiode. Forfattarskapen omfattar romanar, barnebøker, noveller, diktsamlingar, folkelivsskildringar og biografiar.
Medkjensle for dei svake i samfunnet pregar mange av bøkene til Aslaug. Ho har alltid hatt omtanke for dei små. Barna. Taparane. Dei nedtrykte. Ho var oppteken av fredsarbeid, fråhaldsarbeid, ungdomsarbeide, nei til EU og for palestinarane si sak i Midt-Austen.
Eg føler at eg har så mykje ugjort. Det er så mange ungdomar som ikkje finn meining med livet. Taparar blir det stadig fleire av. Fleire enn nokon gong. Hadde vi enda vist meir medkjensle for dei….
Aslaug Høydal
Les meir om Aslaug Høydal og program for jubileumsåret på heimesida «Aslaug Høydal 100 år».